NPK-språket

Forsidebilde for NPK-språket
NPK-språket
Ordliste og språkråd
ISBN: 9788257321376
Forfatter: Nynorsk pressekontor, Hallvard Østrem (red.)
Utgitt: 2010
Utgave: 1. utgave
Innbinding: Spiral
Format: X 155 x 30
Vekt: 794 gram
Veil. pris: kr 329,-

Ei nyttig handbok for alle som skriv nynorsk

Nyheitsformidling stiller krav til språket: Det må vere klart og korrekt.

Nynorsk pressekontors (NPK) språkreglar byggjer på mange års intern språkrøkt og diskusjon. No vil vi gjerne dele erfaringa vår med fleire. NPK-språket er bygd over den same lesten som Norsk Telegram-byrås (NTB) språkhandbok, NTB-språket (Kunnskapsforlaget, 2007), men tar for seg nynorsk.

Boka er delt i to delar: ei ordliste med over 30.000 oppslagsord og ein regeldel med gode råd om rettskriving og språkbruk. Ordlista femnar om basistilfanget av ord i nynorsk - og litt til. Norma har færre valfrie former enn den offisielle rettskrivinga, men dekkjer dei formene som er mest vanlege i bruk.

I regeldelen gir vi nyttige tips om mangt som vi veit at mange er usikre på, enten det er teiknsetjing, bruk av tal og talord, store og små forbokstavar, nynorsk rettsspråk eller transkribering. Boka forklarer også dei viktigaste forskjellane mellom nynorsk og bokmål og trekkjer fram typiske feil og vanlege misforståingar.