Barnas store blå ordbok - Nynorsk
Ei spennande, fargerik og leiken ordbok!
Barnas store blå ordbok inneheld meir enn 2000 oppslagsord og er illustrert frå A til Å. Ho gir vanlege stavemåtar og bøyingar for nynorsk. Oppslagsorda er forklart med enkle setningar, og døma på korleis orda blir nytta, er henta frå barneverda. Her finn du kjende sitat frå regler og songar og tilvisingar til velkjende figurar frå barnelitteraturen.
Lars Rudebjers illustrasjonar gjer boka til ein fargerik fest og ei oppdagingsferd.